Miljøfyrtårn

Eit av måla til Espira er at kvar barnehage skal miljøsertifiserast gjennom ”Miljøfyrtårn”. Me vart sertifisert i november 2012. Dette tyder at kvar enkelt barnehage gjennom innkjøpa sine, ressursbruken sin og redusering av avfall og gjenvinning, gjer barnehagen meir framtidsretta og bærekraftig i høve til drift og utvikling.

Knytt til barnehagen si satsing på natur og friluftsliv, er det og naturleg å ha fokus på miljø og miljøvern. Me har eit motto: ”Ingen kan gjera alt, men alle kan gjere noko”

I Espira Finnås ynskjer me:

  • å arbeida for å redusera avfallsmengda vår
  • å arbeida for å redusera straumbruken vår
  • å sortera bosset vårt
  • å ta med borna på ulike prosjekt knytt til miljøvern
  • å lage kjøkkenhage
  • halde fram det gode arbeidet i høve til Miljøfyrtårn
Personvern