Barnegrupper

Me er ein tradisjonell avdelingsbarnehage med 3 avdelingar, ei avdeling for born frå 0-2/3 år og to avdelingar for born mellom 2/3-6 år. Me har vald og gjera det på denne måten fordi me veit at små born treng trygge, rolege omgjevnadar der dei kan få tid og rom til å utfalde seg i små grupper, der dei har trygge, gode vaksne som har tid til å gje dei den omsorga og tryggleiken dei treng. Me veit og at små barn lærar mykje av og vera i lag med eldre barn, og legg difor ofte til rette for at dei små er i lag med dei som er eldre moa. i utetida, men og i andre høver.

På småbarnsavdelinga er det ein annan dagsrytme enn på 2/3-6 års avdelingane. Dei andre avdelingane er ulike i høve til tal på barn. Det har med storleiken på sjølve avdelingane og gjera. Den største avdelinga ligg i nybygget(frå 2009). Her har me og pauserom og kontor, samt grupperom og garderobe for dei tilsette. I det «gamle» bygget held småbarnsavdelinga og ei «storavdeling» til. Her er det og eit felleskjøkken og garderobe for dei tilsette. Borna på desse to avdelingane spring ofte på besøk til kvarandre, noko som er spesielt kjekt for dei som har søsken.

Personvern