Havørna

Havørna er ein avdeling for born frå 2 – 6 år. Eit av Espira sine satsingsområder, som går igjen år etter år, er spira “Tumleplassen,” (kropp, bevegelse og helse). Den omhandlar friluftsliv, fysisk utfordring og natur, og me på Havørna vil ha denne som ei av dei mest sentrale spirene. Me ynskjer å vera ute og ferdast i natur og nærområde så mykje som mogleg.

Sjølv om me kjem til å gjera mange av dagens aktivitetar ute, vil me jobba mykje med dei andre spirene (fagområda) også. Me vil sjølvsagt ha daglege samlingar, med fokus på tema, songar, dramatiseringar, etc. Det er viktig for oss å jobba aktivt med felleskap, samvær, venskap og trivsel.

Dersom de som foreldre ynskjer å komma med synspunkt er me takksame for det.

Personvern