Hegren

Hegren er ei avdeling for born mellom 2 og 6 år. På Hegren er me er opptekne av at borna skal ha det bra og at dei kvar dag skal kunne gå heim med mange gode erfaringar og opplevingar frå leik og samvær med andre born, og vaksne som bryr seg. I barnehagen er det kvardagar det er flest av og nettopp difor er desse dagane så viktige. Når borna har det bra, har me det bra:).

For oss på Hegren er arbeidet med borna sin sosiale kompetanse særs viktig, anten me er ute eller inne. Sosial kompetanse handlar mellom anna om å kunne være saman med andre på ein positiv måte, det å kunne ta initiativ til venskap og å kunne oppretthalde denne venskapen. Sosial kompetanse utviklast kontinuerleg, og i alle situasjonar i løpet av dagen, når me er i lag med andre. Alle treng gode erfaringar med samspill med andre, og alle treng vener. Språket heng nøye saman med utvikling av sosial kompetanse. Difor har me på hegren og stort fokus på språk og språkutikling.

På Hegren er borna ute fleire timar kvar dag, og me går tur kvar veke. Då lagar me mat over bål og kosar oss i lag. Dei fleste av turane våre går i ulendt terreng. Dette gjev god trening både psykisk(t.d. gjev kjensle av meistring) og fysisk (motorisk).

Personvern