Måltider

I Espira Finnås har me fullkost. Det vil sei at det vert servert frukost, lunch og ettermiddagsmåltid kvar dag. Ca. ein gong i veka serverar me middag. Når me er på tur har me med variert niste eller me lagar mat over bålet. Me skal gje borna eit variert og næringsrikt kosthald. Barna er velkomen med i matlaginga på kjøkkenet. Me ønskjer og læra barna å smake på all mat, men me skal ikkje tvinga nokon til og eta noko dei ikkje likar.

Hausten 2012 vart me ein «5 om dagen»-barnehage. Det tyder at barna skal få tilbod om minst fem porsjonar frukt kvar dag, og frukta skal være frisk og variert(ein porsjon er «ein neve»). Me legg fruktstunda til ettermiddagen, men barna skal òg få tilbod om frukt til andre måltid.

Personvern